Book tower project – Ukraina
Arna Rotaryklubb, Arvid Holum og Røde Kors arrangerte i 2024 ein konsert i Grieghallen for å skaffe
midlar til eit prosjekt -«Book Tower Project»- i Kharkivregionen i Ukraina. Prosjektet kom i gang i
samarbeid med Kharkiv Nadyia Rotaryklubb, og målet var å skaffe barn og unge i Kharkivregionen
skole- og lesebøker på ukrainsk etter at russiske soldatar hadde øydelagt alle bøker på ukrainsk i
bibliotek og skolar då dei gjekk inn og prøvde å okkupere regionen.
Samtidig med utdeling av bokpakkane organiserte dei lokale rotarianarane fellseaktivitetar for barna
i regionen – noko som det var lite av dei fleste stader fordi skular og forsamlingslokale var
øydelagde, og muligheitene for å samlast fysisk var små p.g.a faren for bomber og mangel på
elektrisitet.
I 2025 vart prosjektet utvida og ansvaret vart flytta frå Kharkiv Nadyia RC til den nye E-klubben som
vår kontaktperson i Ukraina – Yulia Pavichenko – hadde etablert. Ho flytta sjølv over til den nye
klubben, og vart der leiar for det utvida prosjektet som nå fekk navnet «5 Spaces of Peace».
Representantar for rotaryklubbane i områda saman med lokale aktivitetsleiarar hadde arrangert eit
nettmøte der dei diskuterte saman med representantar for barn og unge kva dei følte mest behov for
i det daglege. Og med utgangspunkt i dette arbeider dei nå med dette nye og utvida prosjektet
Her organiserer lokale vaksne «trygge» aktivitetar for barn og unge.
Det kan vere utdeling av bøker, etter skoletids aktivitetar, innkjøp av leikeutstyr, organisering av
klubbar og liknande der barna kan vere aktive og utvikle sin kreativitet på ulike område, som
oppfølging av felles lesning av bøker med organisering av dukketeater og andre kreative aktivitetar
basert på det dei har lest om.
Yulia tar seg av opplæring av både deltakarar og lokale koordinatorer i korleis dei skal analysere
behov i sitt lokalområde, utvikle prosjektidear, planlegge aktivitetar og identifisere kva ressursar dei
treng til gjennomføring.
Skolane i området fungerer ikkje pga bombing og mangel på elektrisitet, så skulegang kan kun skje
som nettundervisning – og det blir det heller ikkje mykje av av same grunnar.
Prosjektet blir kontinuerleg evaluert i forhold til kva som fungerer best – og lokale aktivitetar blir
stadig justerte og bytta ut med andre – basert på kva som fungerer best lokalt mht å skape gode
møteplasser for barn og ungdom – både nettbaserte aktivitetar og aktivitetar der dei kan møtast
fysisk.
I siste melding frå Yulia fortel ho at den delen av prosjektet som går på å fordele bøkene i
bokdelingsskap som sirkulerer mellom dei ulike områdene er nå fullført, men behovet for meir hjelp
for å gje barn og unge muligheter til opplæring og leik er framleis stort.
Pengane frå oss i Arna Rotaryklubb vart nytta til produksjon av utendørs bokskap, innkjøp av
utemøbler, dokker til dukketeater for barn, spel og skrivesaker til aktivitetar med barn og ungdom.
Ukraine Sunrise Rotaryklubb – som er navnet på den nye klubben – har bidrege med å finansiere
transport og logistikk – noko som kan vere veldig krevjande på grunn av sikkerhetssituasjonen i
området. Mange stader er det sett opp vernenett over veiane for å verne trafikken mot droner.































